|
Aikido.no treng ny redaktør |
|
|
Har du lyst å bli ny redaktør for aikido.no? Redaksjonen treng både nye medlemmar og ny redaktør.
Aikido.no ønsker å vere ein nettstad der ein finn det meste av det som føregår av aikidoaktivitet i Norge. Nettsida blir oppdatert av redaktør og redaksjonen med eigenproduserte saker, linkar til aikidorelatert stoff i øvrig presse og bidrag innsendt av andre aikidoutøvarar i landet.
Redaksjonen behandlar og fordeler oppgåver basert på eigne idear, tips som kjem på epost og tips frå folk i miljøet.
Redaktøren har ansvar for å ha oversikt over saker som er under produksjon, saker under planlegging, oppdatering av aikido.no. Redaktøren blir valgt på årsmøtet til NAF under sommerleiren på Brandbu.
Redaksjonen består i dag av tre medlemmer, men kan gjerne vere større. Me legg opp til å ha redaksjonsmøter på leirar der dei fleste er til stades. Ellers går kontakten via skype og epost.
Ønsker du meir informasjon, ta kontakt med redaksjonen på redaksjon(ved)aikido.no eller gudrun(ved)gosu.no
Redaksjonen i dag:
Kim Andre Tinderholt, Erlend Hove Lillebø, Gudrun Sylte (redaktør)
|