Du kan bidra på aikido.no

Alle som brenner for aikido kan være med å bidra på denne siden.
Har du vært på leir?
Har du noe på hjertet?
Vi tar gjerne imot tekst
og bilder fra deg.

Send en e-post til:
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.







Glemt passordet?
Delt førsteplass for 2008 Skriv ut E-post
I 2008 var det skrivekonkurranse på aikido.no. Elleve gode bidrag kom inn, redaksjonen har vurdert alle og komme fram til at førsteplassen må delast mellom Marius Warholm Haugen og Bjørn Eirik Olsen. Me gratulerer, og informerer med det samme at konkurransen held fram også for 2009!

Redaksjonen i aikido.no har lest og vurdert alle dei elleve fine bidraga som kom inn i løpet av fjoråret. Her finn me artiklar med fortellingar om leirar, utfluktar til leir, frå Stockholm, Italia til Vietnam. Det er fortellingar med dilemma kring deltaking på messe, tankar om aikidoforbundets si meining, mål og oppbygning.

Mange gode artiklar, mange med gode bilete til! Bilete er bra, det løftar saka betrakteleg!

Redaksjonen har komt fram til to artiklar som me vil gje førstepremie på 1000 kroner til begge. Det er ei reisefortelling frå Marius Warholm Haugens møtet med aikido i Italia, og Bjørn Eirik Olsens reise til Vietnam som instruktør.

Dette er interessante, artige og gode artiklar med godt språk og godt skrivne artiklar. Redaksjonen gratulerer dei to vinnarane, og har samstundes kome fram til fem andre artiklar me gjerne vil framheve.

Takk til alle som har sendt inn!

På delt førsteplass er Marius og Bjørn Eirik som får tusen kroner kvar i premie!

Les vinnarartiklane her:
  Marius Warholm Haugen, Reisebrev frå Italia

  Bjørn Eirik Olsen, Melonfarmdojo, hundehaler og andre aikidofortellinger fra Vietnam


Heider og ære går til:


•    Sverre Gullikstad Johnsen, Hva bør være Norges Aikidoforbunds mål, mening og oppbygning?

•    Paul a. Haug: Tjekkisk besøk i Harstad

•    Maia Graff, Ei uke på Brandbu

•    Silje Nes Skrede og Svein Hatlen: Endo i Stockholm, reisebrev

•    Kine Skrimstad: Aikido til musikk?


Redaksjonen vil gjerne ha inn bidrag frå det som går føre seg i aikidoNorge i 2009 også. Den beste artikkelen i løpet av dette året vert også premiert.

Fortsett å sende inn bidrag!

 

Redaksjonen takkar styret i NAF som sa seg villig til å gje premie til to personar dette året, og takkar generelt for at me kan få premiere vinnarane i skrivekonkurransen vår. 


Helsing redaksjonen:
Erlend Hove Lillebø,
Kim Andre Tinderholt,
Kristin Hammerås og Gudrun Sylte

 
Tromsoe_vinterleir_2005_04.jpg
Buy Cheap Software