Du kan bidra på aikido.no

Alle som brenner for aikido kan være med å bidra på denne siden.
Har du vært på leir?
Har du noe på hjertet?
Vi tar gjerne imot tekst
og bilder fra deg.

Send en e-post til:
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.







Glemt passordet?
- Aikido kan forandre samfunnet! Skriv ut E-post
Emily frå Fudoshinkan Hamar har intervjua Robert Fishbeck som er hovudtrenar for Aiki-Kids i hamarklubben. Intervjuet er ei skuleoppgåve i nynorsk, les det her!

Robert Fischbeck (47) har trent aikido i sju år. Han meiner at aikido kan forandre samfunnet. 

Men kva er eigentleg aikido? Kva er det som er annleis med denne kampkunsten? Er det mogleg å forklare kva denne kampsporten går ut på for dei som ikkje har høyrt om den før?

« Aikido er ein kampkunst», seier Robert Fischbeck. «Den er ein rørslekunst som har røter i Japan. Den er annleis enn dei aller fleste kampsportgreiner fordi den handlar om samarbeid. Aikido er ein kampkunst og ikkje ein kampsport. I sport er det konkurranse. I aikido er det ikkje konkurranse. Aikido handlar om å tilpasse seg til ein situasjon for å nøytralisere ein motstandars angrep. Dette gjerast hovudsakleg ved å ta i mot motstandaren sin energi og gi den tilbake til dei så dei misser balansen sin. Då kan ein nøytralisere dei ved å ”pinne” dei til bakken ved å manipulere ledda, som for eksempel olboge og skuldra.»

 Image

Bilete frå trening med Aikikids. Sjå fleire bilete her

Vidare fortel Robert om Morihei Ueshiba, grunnleggaren av aikido.

« Morihei Ueshiba var ein veldig ivrig kampsportsutøvar i ju jitsu og andre sverdkampkunstar. Etter ei stund opplevde han at verda ikkje var ein veldig fredeleg stad. Det bestemte han seg for at han skulle jobbe med, og det gjorde han med den kunnskapen han hadde, som var kampsport. Så aikido utvikla seg, ikkje som ein konkurranse og ikkje valdeleg. Dersom du øver rett blir ingen skada. Morihei Ueshiba byrja å kalle det for aikido på 40-tallet, trur eg. Aikido er ikkje gammal. Den er ein av dei nyare kampsportgreinene, eller kampkunst då, for å si seie det slik, men den har røtene i 500-, 600- 700- kanskje 1000-åra i Japan.»

« Eg trur at samfunnet ville hatt nytte av at fleire trena aikido», svarer Robert då vi spør om det hadde skjedd noko forandring i samfunnet dersom fleire trena aikido.

« Aikido er ikkje konkurranse, og så handlar det om samarbeid og om respekt for kvarandre. Disse to tinga for seg sjølv set eit heilt nytt lys på forhold mellom folk i samfunnet. Så dersom du blir meir bevisst på korleis du utøver aikido blir du meir bevisst på korleis du held deg til andre ting i kvardagen. Det som skjer i aikido i prinsippet er det same som skjer over alt. Du kan veldig lett bruke prinsippa som ein lærer i aikido i alle aspektar i livet. Så ja, eg trur at samfunnet ville hatt nytte av at fleire trena aikido,» seier han.

Har du nokre konkrete døme på korleis samfunnet kunne forandra seg? Eller hadde det berre blitt fredelegare?


« Berre tenk på aspekten av respekt. Dersom alle hadde respekt for kvarandre, for andre sine meiningar, for korleis andre gjer ting og ikkje minst respekt for seg sjølv, så blir det mindre konfliktar, det blir mindre polorisering, motsetjingar, det blir mindre konfliktar rett og slett. Og dei konfliktane som oppstår blir handtert på ein måte som gir meir samarbeid i staden for konkurranse.»

Det er ikkje berre vaksne som treng aikido. Barn kan også få utbytte frå denne kampkunsten. No har noko som kallast Aiki-Kids starta på Hamar. Aiki-Kids er aikidotrening for barn, rett og slett. Robert er hovudtrenaren. Difor kan han sikkert svare på om Aiki-Kids påverkar barna, og i så fall korleis?

« No er det slik med barn at dei veks veldig når dei får ei kjensle av å meistre noko. I byrjinga er det strukturen om korleis aikidotrening går føre seg, noko som ikkje er vanskeleg å meistre. Så etter berre eit par veker er det mange barn som har ei kjensle av at dei veit kva som går føre seg sjølv om dei blir introdusert til ting dei aldri har gjort før. Så veldig tidleg i aikido gjev strukturen ein arena for meistring. Samtidig, tilbake til andre ting vi har snakka om, handlar aikido om respekt og det er ikkje berre barna som skal respektere trenaren, men trenaren skal også respektere barna, og deira grenser og svake sider og styrkane deira. Vi snakkar om korleis vi kan utøve det, det blir slik at barna lærer å høyre etter når eg gir beskjedar. Dei høyrer ikkje etter berre fordi dei er redde for å få kjeft, men fordi dei veit at det er det rette å gjere. Sjølvsagt har ein det fysiske aspektet av all idrett som er positivt, med kroppsbehersking og betre fysisk form…og i tillegg…nei det er nok, ikkje noko tillegg no.»

Ok, så aikido påverkar barn når det gjelder respekt, tolmod og haldning. Men kan barn påverke aikido?

« Kan barn påverke aikido? Dei kan i det minste påverke klubben. Det gjer dei veldig tydeleg. Aiki-Kids betyr veldig mykje for Fudoshinkan i Hamar», meiner Robert.

På kva måte?

« Det er ei styrke der, det er veldig mange som trenar. Det er ei støtte til klubben så klubben kan blant anna betale rekningar. Det er ei kjelde for framtidas utøvarar. Så barn som blir eldre går opp til vaksentrening, og styrker klubben på den måten, så den veks. Hittil har vi berre sett ein som har gått oppover, men det er jo fleire som ventar. Dei er framleis litt unge då. Om eit par år til har vi kanskje ein litt større vaksenklubb», seier Robert.

«Andre måtar som barna påverkar aikido eller klubben. Eg vil seie; det skal tida vise. Eg vet ikkje kor mykje barna påverkar aikido som aikido. Men for eksempel aikido i Noreg.. Aiki-Kids er berre ei gruppe, men det er andre barnegrupper i Noreg. Den første var i Harstad oppe i Nord-Trøndelag, trur eg. Og så kom Aiki-Kids. Vi skal sjå kva som skjer i framtida når dei blir større og høggraderte og flytter frå Hamar og andre stader. Vi får sjå, kanskje blir det ei oppblomstring av aikidoklubbar i Noreg.»

 

Tekst: Emily i Fudoshinkan Hamar Aikido
Emily er også datter av Robert Fishbeck
Intervjuet er også publisert på Fudoshinkan Hamar Aikido sine nettsider

 

Om Aikikids
Sommaren 2007 vart ei ny gruppe til i Fudoshinkan Hamar Aikido. Det var ei barnegruppe, og eg syntes det var rett å gje den eit namn som barn lett kunne relatere seg til, eit namn som høyrtes moro og leikande ut. Tanken var også å gje gruppa ei kjensle av stolthet og samvære. Ein dag skreiv eg Aiki-Kids i ein e-post, ”aiki” for aikido og ”kids” sidan det er engelsk for barn og i tillegg startar med ”ki”. Aiki-Kids er ikkje eit synonym for barneaikido, men er namnet til barnepartiet til Fudoshinkan Hamar Aikido.
Robert Fishbeck

 

 
summer camp 2005  Brandbu   008.jpg
Buy Cheap Software