Du kan bidra på aikido.no

Alle som brenner for aikido kan være med å bidra på denne siden.
Har du vært på leir?
Har du noe på hjertet?
Vi tar gjerne imot tekst
og bilder fra deg.

Send en e-post til:
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.







Glemt passordet?
Å leve med adhd og aikido Skriv ut E-post
Image 

På nettsida psykisk.no kan du sjå ein minidokumentar om Kristian Haugland. Sjølvsagt begynner filmen i dojoen. 

Då Kristian Haugland var seksten år, fekk han påvist diagnosen ADHD. Det var ei aha-oppleving for han, plutseleg vart samfunnet lagt til rette for ein som sleit på hans vis. Han hadde allereie slite i lang tid. Takka vere ei mor som såg problema hans, er han i dag ein av dei som klarer seg bra med diagnosen ADHD.

Dei siste åra har Kristian drive foredragsverksemd om opplevingane og erfaringane sine. Han ønsker å vise kva problem adhd kan innebere og nyttar seg sjølv som døme på korleis ein kan handtere diagnosen.

Det fekk helsedepartementet til å kontakte Kristian då dei gjekk i gang med minidokumentarar over ulike personar som har sitt å stri med.
Sjå filmen på psykisk.no

Aikido og adhd
I filmen følger ein Kristian i løpet av ein dag. Då går turen sjølvsagt innom Zanshin dojo i Bergen, der Bergen aikidoklubb held hus. Kristian meiner det er fleire element ved aikido som er bra for han. For det første at fysisk aktivitet er bra for folk med ADHD, som det er for dei fleste andre.

– I aikido brukar me ein måte å bevege oss på som utfordrar heile sentralnervesystemet. Dess meir aktivitet ein tvinger gjennom ryggraden, dess meir opnar ein slusene. Eit av problema med ADHD er nettopp treig aktivitet i sentralnervesystemet, seier Kristian.

Samstundes er aikido ein måte å trene på, der ein også trener seg på å halde fokus.  Kristian peiker på at ein i trening saman med ein partnar, får tilbakemelding med det same dersom ein ikkje er mentalt til stades. Samstundes hjelper det på konsentrasjonen.

– Også det at aikido finn stad i eit miljø blotta for konkurranse er bra for meg. Ein blir meistringsfokusert i staden for konkurransefokusert. Det å kjenne at ein utviklar seg, hjelper på sjølvkjensla, seier Kristian.

 ImageKva problem kan det innebere å ha adhd?
For snart to år sidan gjorde Kristian seg ferdig med hovudfaget i filosofi. Mesteparten av oppgåva er skriven på kafe. Lesesalar funkar ikkje for han.

- Når eg er konsentrert, er eg ikkje bevisst på innfall eg får. Eg kan gå ein lang spasertur utan å tenke over det. På ein lesesal er eg redd for å plage andre med å gå rundt. Om eg sit i ro får eg ikkje konsentrert meg like godt, seier Kristian.
Sjølv om det vert rekna som atypisk for ein med ADHD å gjennomføre eit hovudfag, er ikkje Kristian sikker på at det er det.

–Det er nok mange som har gått rundt på universiteta opp gjennom historia med diverse diagnosar. Uttrykket distre professor må jo komme frå ein stad, seier Kristian.

Det Kristian strir med, er å konsentrere seg om aktivitetar som ikkje direkte engasjerer han. Det er noko gjerne fleire kjenner seg att i. Kristian peiker på at det er mange utfordringane for ein med adhd er noko mange vil kjenne seg igjen i, ein som har adhd kjenner det berre litt meir.

- Det er mange av utfordringane for oss med ADHD som andre vil kjenne seg att i, me har det berre litt meir. Andre ting problem er at når eg går inn i mine eigne tankar, og det gjer eg ofte, så vil eg ikkje legge merke til andre. Eg kan bli sliten viss det er mykje som skjer, og har behov for å trekke meg tilbake, seier Kristian.

Struktur
Kristian sin måte å få dagen til å fungere, er å ha struktur. Alt må organiserast og settast opp i timeplan. Han har struktur på det meste, nøklar, mobiltelefon, lommebok, alt er på plass i sine faste lommer.

– Eg bruker elektroniske verktøy for å minne meg på ting. Eg brukar ein PDA, ein personleg dings der alt er ført opp, seier han.

Du er svært sjølvbevisst på korleis  du skal klare deg, korleis har du komme fram til den kunnskapen?

– Eg har komme fram til det etterkvart. Mor mi var flink til å sjå kva eg sleit med. Leksene var så store at eg ikkje klarte å forholde meg til dei. Men me jobba i korte intervall på fem minutt, me teipa over det i boka som var irrelevant der og då. Det gav meg trening i å stykke ting opp i mindre oppgåver seinare, seier Kristian.

I dag driv Kristian foredragverksemda si vidare som ein del av jobben i Orange, eit selskap som driv personalformidling og kvalitetsstyring for ulike bedrifter. I 2007 var han også med å starte Mental Helse sitt ungdomslag i Bergen.

– Mental Helse er ein utruleg viktig organisasjon. Den brenn eg for. Heile psykiatrien har så langt igjen å gå for at institusjonane ikkje forverrer folk, meiner Kristian Haugland.

 

Tekst og foto: Gudrun Sylte, redaksjonen aikido.no og medlem i Bergen aikidoklubb

 
summer camp 2005  Brandbu   016.jpg
Buy Cheap Software